Åberg – en gammel boplass

Du kan gå fra Holsingsetra til en gammel boplass som heter Åberg.
Å gå fra seterstua og bort til tuffdene atter den gamle boplassen er det ca 2 km å gå etter merka sti. 

Merk at denne stien ikke blir tilrettelagt for rullestolbrukere.

Dette bildet viser ildstedet fra koia som er igjen i dag.

Her ser du et gammelt kart hvor Åbergs koie er merket inn:

Nedenfor kan du lese en artikkel som ble publisert i Fellesavisa skrevet av Johan J. Bjerkem

«Spøkelset i kolbrennarkoja i Roktdalen»

Han kom til den norske fjellbygda – skogbygda – i april 1917. Han var frå ei bygd på den andre sida av grensa. Det hadde gått ord om dei høge arbeidsprisane i Noreg. Og særleg da ved skogsarbeid og fløyting. Han kom på ski på skaresnøen over Skjækerfjella. Ein pank med klede var alt han hadde med seg. Han var høgvaksen og mager med skarpe andletsdrag, denne svensken Aaberg. Han vart vel motteken i den litle fjellbygda. Han fekk tømmerhogst og seinare vart han med ved fløytinga i småelvane og vatna. For det var for lite arbeidskraft. Og bra fortenest var det, men det var litt vanskeleg med maten. Landsbrødet og landsmjølet var grovt og tungt å melta. Og margarinen var svert dårleg med sterk smak av tran eller sild. Litt fint kveitemjøl og flesk var det for skogsarbeidaren, men det var alt for lite. Og svært kostbart var det alt saman. Tobakk var det lange tider heilt uråd å få tak i. Og ein real «buss» vil gjerne ein reinhårig svensk arbeidar ha. Aaberg var buande på ein av fjellgardane der. Og da det leid så langt, at dei tok til med slåtten, så vart han med i dette arbeidet som varer nokså lenge i fjellbygda. Men han var og ein utprega friluftsmann og fjellmann. Han kunne såleis ta med seg fiskereiskap og reise til fjellvatna inne på vidda og vera åleine ei veke eller to. Han fiska både sumar og vinter. Og han fekk stundom bra med fisk. Og denne fine fjellørreten var lett salgbar vare.

              Det var stødt for lite arbeidsfolk til skogsarbeidet i fjellbygda, og han vart verande der. Om hausten tok han på seg skogdrift i Roktdalen. Han hogg, medan det var bar mark og kjørte ned tømret til elva, da snøen kom. No var det inga skogstue der han fekk drifta; men før han tok til med hogst om hausten, så bygde han hus åt seg. Han bygde koje, slik han var vant til frå heimbygda si, at kolbrennarane bygde åt seg. Han bygde på ein liten bakke for å få det tørt. Han la fyrst torva til side og planera tomta heilt flat. Så sette han opp ein stolpe i kvar ende av hytta skulle bli. Mønsås vart lagt på stolpane, og så hogg han smått tømmer, som han kløyvde med øksa. Desse reiste han opp mot kvarandre frå begge sider i lagleg skråning. Så ledde han att tverrendane på same måten, men der sette han også inn ei lita dør og eit lite glas. Veggene kledde han så med never og torv på utsida, så det var ei ekte svensk kolbrennarkoje. Deretter sette han opp ein delingsvegg på midten av koja. Han hadde da hesten i det eine rommet og så var det så vidt plass til tvo mann i det andre rommet, der han og hadde omn. Fyrste hausten og vinteren arbeidde han her åleine den lengste tida. Men hausten etter, så fekk han ein kamerat. Det var ein svenske. Han heitte Johanson. Dei var dugande arbeidskarar, og tømmer kom ned til elvemælen. Når dei hadde tent litt meir enn til mat, så var det om å få tak i brennvin og få seg ein tår. Når det var fråseggjort, var det å få seg proviant og koma seg til skogs att. Så hendte det, at ein gong Johanson hadde vore nedover til byen og vore borte i 3–4 dagar, så var han litt skral, da han kom tilbake. Han greide ikkje å få seg mat. Om natta låg han berre og kasta seg hit og dit på brisken. Morgonen etter kom han seg opp på det viset det var, men mat var det uråd å få ned. Han var og så merkeleg slapp i all kroppen og føtene ville ikje bera han. Men han tok sag og øks og kom seg ned til skogteigen. Han saga kanskje ned ei gran, da greide han ikkje meir. Det var med naua han kom seg ned tilbake til koja. Han vart snart svært sjuk, og det var greidt, at han hadde fått spanskesjuka, som da rasa på det verste. Kameraten hans kjørte han fram til bygda. Eit par dagar deretter døydde han.

              Nokre dagar seinare reiste Aaberg innover til skogteigen åleine og tok til med skogdrifta. Han var vel vant med å vera åleine i skog og fjell, så det var ei grei sak. Han arbeidde i skogen til det tok til å myrkne, så gjekk han heim til koja som vanleg og laga mat åt seg. Han kvelda i rett tid og sov godt, som han var vant til det etter ein lang og strevsam dag i skogen. Men utpå natta vakna han med at døra til det andre rommet gjekk opp, og det tok til å ståke uti dette rommet. Det hang ymse ting att der etter Johanson: ei steikepanne, kjel, kasseroll og ymse anna. Einkvan tok til å ramle med desse sakene liksom for å samle dette saman. Det susa og bles over torvtaket. Så tykte han tydeleg at det snakka ute i andre rommet. Aaberg tende lampa og såg på klokka, det var beint midnatt. Han ropa og spurde om det var nokon derute, men fekk ikje svar. Etter kvart stilna det, og det vart sistpå berre ein sval sus over torvtaket og i skogen attmed. Men brått vart det heilt stille att. Aaberg låg ei stund og tenkte på dette. Det måtte vera vinden som hadde slengt opp døra for det andre rommet. Når det vart dag så skulle han stenge denne døra godt. Han sovna og sov til rett morgontid. Han tende opp og satte kjelen over varmen, så gjekk han ut for å stenge døra til stallrommet – men ho var stengd og den store kubben stod reist på skrå mot døra.

              Han stelte mat åt seg og gjekk til arbeidet som vanleg. Ved skumring gjekk han så heim til koja, og stelte seg til kvelden att og la seg å sova.

              Men ved midnatt vakna han av same ståket i det andre rommet. Og det susa og dura av hard vind over taket.

              Den tridje natta var det likeins, men da det vart morgon, samla han saman sakene sine og gjekk til bygda. Han sa frå til bruket, at han slutta med skogsdrifta, men grunnen nemnde han ikkje. Det var fyrst fleire år seinare at han fortalde dette.

              Bruket sette bort drifta til andre folk. Dei skulle bu i ei seterstue på andre sida av elva i Roktdalen. Ein av hoggarane vart ferdig til å reise litt før dei andre. Han fekk rede på at denne kolbrennarkoja stod ledig og skulle vera svært lagleg å bu i. Han møtte eigaren og fekk lov til å bu i koja.

              Han var kjent på leia før og gjekk innover åleine, men Aaberg hadde sagt at han skulle gå innover dagen etter ein tur. Han som gjekk innover til koja – Austad kalla han seg – kom fram til rett tid. Han hogg ved og laga seg mat, og så vart det myrkt. Han la seg snart og sovna straks, for det hadde vore ein strevsam dag å koma seg oppover dalen og innover fjellet til koja. Da han hadde sove ei tid vakna han brått av at det bles hardt. Det susa i skogen og over torvtaket. Så vart døra til stallrommet slengt opp og det subba og gjekk derinne. Så ramla det i kokekoppane som hang der, og han tykte det snakka stilt der inne. Det var merkeleg at Aaberg skulle gå innover fjellet da om svarte natta; men han hadde vel gjort det likevel.

              Austad tendte lampa, og klokka synte beint midnatt. Han ropa til kameraten ute i det andre rommet, men fekk ikkje svar. Det måtte vera berre stormen som hadde slengt opp døra og ruska der inne. Om ei tid stilna det av. Sistpå var det berre som ein sus over torvtaket. Så vart det heilt stilt. Han sovna att og sov til morgon.

              Da han gjekk til skogen for å ta til med hogsten, så skulle han stenge att døra for det andre rommet – men ho var att, og ein stor kubbe var reist opp mot døra. Da det leid litt over middag, kom Aaberg dit. Så sa Austad til han: «Eg trudde du kom i natt, eg!» Og så fortalde han det han hadde høyrt om natta. Aaberg sa ingen ting om dette. Han gjekk og rusla litt att og fram, tok med seg nokre småting som han hadde der og gjekk til bygda.

              Austad låg ei natt til i koja, så ville han ikje vera der meire. Det var for uroleg der om natta. Han flytta til seteren på andre sida av elva og budde der sidan.

              Seinare har ingen budd i koja. Ho vart ståande der åleine med løyndomen sin. Kanskje susa det over torvtaket og rusla og ståka litt der inne ved midnattsleite i myrke trollske haustnetter. Inge veit det visst, for ingen har budd der sidan. Men truleg var det slik. Aaberg for i fjellet stødt både vinter og sumar, men han kom aldri meire til denne kolbrennarkoja si. Ho fekk stå åleine. Det rusla nok og sukka over golvet der framleis ved midnatt i myrke haustkvelden. Men koja vart etter kvart versliten og skral og ei myrk uversnatt om hausten så raga ho over ende.

              No veks det mose og lyng over morkne stokkar og sprø never. – Kanskje subbar det og tuslar og hvisker stille i røslyngen og i blåberristet i midnattsleite seine haustkvelden når det er månemyrkt og trolskt i Roktdalen – – – –

Artikkel i Fellesavisa.